factograf
NN

norsk fotballspelar

Ada Hegerberg

Ada Hegerberg
All data from the card 9
Fødd
10. juli 1995
Fødestad
Sunndalsøra
Høgd
1,77 m
Posisjon
Angrep
Noverande lag
Olympique lyonnais
Nummer
10
År
Lag
2001-20072007–2011201220132014–
Sunndal ILKolbotnStabækTurbine Potsdam Olympique lyonnais
2011–2017
Noreg
Ada Hegerberg i Lyon-drakt 2014
Ada Hegerberg i Lyon-drakt 2014

Ada Martine Stolsmo Hegerberg (fødd 10. juli 1995) er ein norsk fotballspelar frå Sunndalsøra som speler for Olympique lyonnais i den franske eliteserien for kvinner.

Hegerberg har vunne norsk cupgull, gull i Toppserien, gull i UEFA Champions League, gull i tysk serie, gull i tysk cup, og sølv frå EM med det norske kvinnelandslaget. Ho har vunne Gullballen (Kniksenprisen) (2015 og 2016), blei kåra til UEFA Årets kvinnelege spelar i Europa for innsatsen i sesongen 2015/16 og er tildelt Aftenpostens gullmedalje, Sportsjournalistenes statuett og BBC-prisen for årets kvinnelege fotballspelar for 2017.

Midtspissen hadde per 15.7.2017 spelt 63 landskampar og skåra 38 mål. Ho spelte EM-finalen 2013 mot Tyskland, der det vart norsk tap med 0-1.

Aktiv

Hegerberg debuterte på Kolbotn IL i 2010. Sesongen 2012 spelte ho på Stabæk IF. Der etter var ho aktiv i Turbine Potsdam i halvtanna år. I juli 2014 gjekk ho over til franske Olympique Lyon, ein klubb ho har vunne meisterligafinale med både i 2016 og 2017.

Landslagdebuten til Hegerberg kom 19. november 2011. Med Isabell Herlovsen ute med skade, var Hegerberg det opplagde valet på midtspissplass under EM i fotball 2013.

Merittar

  • EM-sølv: 2013
  • Meisterligaen: 2016 og 2017 med Olympique Lyon
  • Noregsmeister: 2012 med Stabæk IF
  • Fransk seriemeister: 2015, 2016 og 2017 med Olympique Lyon
  • Fransk cupmeister: 2015, 2016 og 2017 med Olympique Lyon

Hegerberg vart kåra til Årets fotballspelar 2016 i Europa for kvinner.

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Ada Hegerberg» frå Wikipedia på tysk, den 16. juli 2017.

Read next

In 41 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article