factograf
NN

israelsk poet og skribent

Abba Kovner

Abba Kovner

Key facts

fødselsdato14. mars 1918
dødsdato25. september 1987
utdanna vedVilniaus universitetas
yrkeskribent, lyrikar, soldat
fødestadAšmiany
dødsstadEin HaHoresh
Abba Kovner
Abba Kovner

Abba Kovner (1918–1987) var ein litauisk jødisk diktar og skribent som for det meste skreiv på hebraisk. Han vart òg ein partisanleiar under andre verdskrigen. Han var søskenbarn med den israelske kommunistleiaren Meir Vilner.

Kovner vart fødd i Sevastopol på Krim, men flytta så med familien sin til Vilne, som då låg i Polen. Han vart aktiv medlem i den sosialistiske og sionistiske ungdomsrørsla Hashomer Hatzair.

I juni 1941 kom det nazi-tyske åtaket og okkupasjonen, og Vilne-ghettoen vart etablert. Abba Kovner kom snart til at ei motstandsgruppe måtte skipast. Han var ein av leiarane i partisangruppa Fareynigte Partizaner Organizatsye (FPO), og leidde mellom anna åtak på tyske mål frå skogane rundt Vilne. Han har òg vorte skulda for valdshandlingar mot polske og litauiske sivile.

Etter at Vilne vart frigjort frå nazistane av den sovjetiske Raude Arméen, var Kovner aktiv i å hjelpe jødar til Palestina. Dit fór han sjølv òg, og han deltok i den israelske sjølvstendekrigen.

I 1970 fekk Kovner «israelprisen» i litteratur.

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Abba Kovner» frå Wikipedia på engelsk, den 22. september 2008.

Bakgrunnsstoff

  • Chronicles of the Vilna Ghetto: wartime photographs & documents - vilnaghetto.com Arkivert 2015-02-20 ved Wayback Machine.
  • Abba Kovner Biography
  • Abba Kovner and Resistance in the Vilna Ghetto Arkivert 2005-09-20 ved Wayback Machine.

Read next

In 22 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article