182 Elsa er ein hovudbelteasteroide av S-typen.
Han blei oppdaga av Johann Palisa den 7. februar 1878. Opphavet til namnet er ukjent; det kan koma ifrå operastykket Lohengrin av Richard Wagner.
Asteroiden roterer veldig sakte; rotatasjonsperioden (døgeret) er på omtrent 3,3 jorddøger. Ein naturleg satellitt har blitt føreslege for å forklara den sakte rotasjonen.
Elsa har ei lyskurve med stor amplitude, noko som indikerer ein avlang eller irregulær lekam. Elsa er ein av dei fem småplanetane i 1993-studiet «Transition Comets — UV Search for OH Emissions in Asteroids», der amatørastronomar fekk ta i bruk romteleskopet Hubble.
.png?width=1280)