factograf
NN

Émile Zola

Émile Zola

Key facts

fødselsdato2. april 1840
dødsdato29. september 1902
yrkekunstkritikar, romanforfattar
fødestadrue Saint-Joseph
ektefelleAlexandrine Zola
utmerkingRidder av Æreslegionen
Émile Zola
Émile Zola
Artikkelen «J'accuse»
Artikkelen «J'accuse»
Autografen til Zola
Autografen til Zola
Portrett av Edouard Manet (1868)
Portrett av Edouard Manet (1868)
4 images

Émile Édouard Charles Antoine Zola (2. april 1840–29. september 1902) var ein viktig fransk forfattar og poet, ein av dei viktigaste innanfor naturalismen, og ei viktig drivkraft i den politiske liberaliseringa av Frankrike.

Émile Zola skreiv det verdskjende opne brevet: J'accuse (Eg anklagar) om Dreyfus-saka, som dreidde seg om ein dom for spionasje av ein uskuldig fransk offiser. Brevet var retta mot den franske presidenten og vart offentleggjort i avisa L'Aurore den 13. januar 1898. Zola innser i brevet at ytringa hans er eit lovbrot (injurie), men skriv det likevel som ei samvitshandling. Han vart då òg dømd til fengsel for det, men brevet var i høg grad medverkande til at saka mot den dømde offiseren vart teke opp att og til at den uskuldige fekk oppreising.

Biografi

Zola starta utdanninga si i Aix-en-Provence, der far hans, ingeniør Francois Zola, ein italienar, var busett og døydde i 1847. Mora, som var fransk, flytta med sonen sin til Paris, der han 1858 starta på Lycée Saint-Louis. Han hadde planar om å verte advokat, men fall gjennom i eksamen 1859 og søkte arbeid som kontorist, men forlet plassen etter to månader. Han levde i mars 1860 til februar 1862 eit bohemliv til han fekk plass i Hachette & co:s forlagsbokhandel. Etter nokre år hadde han skrive vers som var meir som etterklangar (Musset m. fl.) og fann ikkje forleggjarar. 1864 fekk han likevel gjeve ut nokre dikt i L'académie des jeux floraux i Toulouse og same år kom debuten hans, novellesamlinga Contes à Ninon, naive små skildringar, satiriske eventyr, fantasiar, heilt ulikt hans seinare verk. Han skreiv så avisartiklar, spesielt kritikk av kunst og litteratur i Figaro og L'événement, som fekk merksemd av fagfolket og det interesserte Manet, den enno ukjende målaren, og dei realistiske tendensane. Dei samla seg i Mes haines, causeries littéraires et artistiques (1866), der mellom anna Mon solon finst.

Bibliografi

  • 1867 - Thérèse Raquin
  • 1871-1893 - Les Rougon-Macquart
  • 1871 - La Fortune des Rougon
  • 1872 - La Curée
  • 1873 - Le Ventre de Paris
  • 1875 - La Faute de l'Abbé Mouret
  • 1876 - Son Excellence Eugène Rougon
  • 1877 - L'Assommoir
  • 1880 - Nana
  • 1880 - Le Roman expérimental
  • 1882 - Pot-bouille
  • 1883 - Au Bonheur des dames
  • 1885 - Germinal
  • 1886 - L'Œuvre
  • 1887 - La Terre
  • 1891 - L'Argent
  • 1892 - La Débâcle
  • 1901 - Le garcon

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Émile Zola
  • J'accuse - på fransk - og omsett til engelsk Arkivert 2006-11-25 ved Wayback Machine.
  • Arbeidet til Zola

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Émile Zola» frå Wikipedia på bokmål, den 31. mai 2009.

Read next

In 117 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article