factograf
NN
Sign in

Vierfamilien

Vierfamilien

Key facts

førekomst avtakson
vitskapleg namnSalicaceae
taksonomisk nivåfamilie
skildra iЭнциклопедический словарь Брокгауза и Ефрона
Svartpoppel (Populus nigra)
Svartpoppel (Populus nigra)

Vierfamilien (Salicaceae), også kalla pilefamilien, er ein plantefamilie i vierordenen. Alle artane i familien er buskar eller tre med spreidde blad. Dei fleste har blomar utan kronblad og ofte også begerblad.

Plantar frå vierfamilien veks i nesten alle landområde som ikkje er dekte av is, men opptrer ikkje i Sahara, Den arabiske ørken, Atacamaørkenen, sørlege Patagonia, New Zealand eller størstedelen av Australia.

Alle artane frå familien i Europa tilhøyrar anten vierslekta (Salix) eller poppelslekta (Populus). Begge desse slektene omfattar særbu-tre og -buskar som blomstrar før lauvsprett. Dei er hurtigveksande og kan lett formeira seg vegetativt. I Noreg veks naturleg osp (Populus tremula) og ei rekke artar av pil, selje og vier som tilhøyrer slekta Salix.

I Cronquist-systemet omfatta familien berre dei tre slektene Salix, Populus og Chosenia, og han var plassert i ein eigen orden, Salicales. I APG III-systemet inneheld familien 55 slekter og er del av vierordenen (Malpighiales). Mange av slektene som er tilførte familien kom frå den no utgåtte familien Flacourtiaceae.

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Vierfamilien» frå Wikipedia på bokmål, den 25. mai 2023.
    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
  • «Salicaceae». APWEbsite. Henta 2015-04-17.
  • A. Mitchell, oversatt av I. Gjærevoll. Trær i skog og hage. Tiden. s. 180–190. ISBN 82-10-01282-7.
  • C. Grey-Wilson og M. Blamey; norsk utgave T. Faarlund og P. Sunding. Teknologisk Forlags store illustrerte flora for Norge og Nord-Europa. Teknologisk Forlag. s. 46–53. ISBN 82-512-0355-4.{{cite book}}: CS1 maint: multiple names: authors list (link)
  • «Videväxter». Den virtuella floran. Arkivert frå originalen 2022-07-05. Henta 2015-04-17. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)

Bakgrunnsstoff

Read next

In 73 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article