factograf
NN
Sign in

Norges Televisjon AS

Key facts

skipingstidspunkt19. desember 2001
førekomst avføretak
landNoreg
All data from the card 9
Org.form
Aksjeselskap
Org.nr.
984358059
Bransje
Kringkasting, fjernsynskringkasting, Digitalt bakkenett
Skipa
19. desember 2001
Eigar
Norsk rikskringkasting
Hovudkontor
Bærum kommune
Land
Noreg
Styreleiar
Kristenn Einarsson
Nettstad
http://ntv.no/

Norges televisjon AS (NTV) er eit fellesføretak, skipa av NRK, TV2 og Telenor for å byggja ut eit digitalt bakkenett for kringkasting av digitalt fjernsyn i Noreg. Det er meininga at det digitale nettet etter kvart skal erstatta det noverande analoge fjernsynsnettet.

Historie

I juni 1999 la Kulturdepartementet fram ei stortingsmelding om digitalt fjernsyn. I juni 2002 lyste departementet ut ein konsesjon for utbygging og drift av digitalt bakkenett. I 2004 handsama Stortinget saka og vedtok utbygging av eit digitalt bakkenett, samstundes som det vart gjordt vedtak om å stogga dei analoge fjernsynssendingane ein gong mellom 2007 og 2010. I 2005 gorde samferdselsministeren det kjent at konsesjonen skulle utlysast på nytt. Hausten 2005 skipa NRK, TV2 og Telenor fellesføretaket Norges Televisjon AS (NTV), som så søkte om konsesjon. Den 2. juni 2006 fekk NTV, som var den einaste søkaren, konsesjon på å utbygging og drift av det digitale bakkenettet. Eit dotterselskap til Telenor, Norkring, har fått oppdraget med å stå for utbygginga av det digitale bakkenettet for fjernsyn. NTV vil så leia nettet frå Norkring.

Bakgrunnsstoff

  • Offisiell nettstad
  • Valmot, O.V., Digitalt bakkenett Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine., 14/5 2005 (Lenka 21/11 2006)

Read next

In 4 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article