factograf
NN

L'Haÿ-les-Roses

L'Haÿ-les-Roses

Key facts

folketal31 188
areal3,9km²
førekomst avkommune i Frankrike
landFrankrike
høgd over havet63m
styresmaktsleiarVincent Jeanbrun
All data from the card 8
Land Region Departement
Frankrike Île-de-France Val-de-Marne
Flatevidd
3,9 km²
Flatevidd • By
3,9 km²
Innbyggjarar • By (2005) - folketettleik
30 400 7 795/km²
Koordinatar
48°47′N 02°20′E / 48.783°N 2.333°E
Høgd
92 m
Tidssone
CET (UTC+1)
Postnummer
94240

L'Haÿ-les-Roses er ein kommune i dei sørlege forstadane til Paris i Frankrike, men har status som by. Han ligg 8,5 km frå sentrum av Paris, og er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Val-de-Marne.

Den andre delen av namnet til L'Haÿ-les-Roses kjem av den vidkjende rosehagen som ligg der.

Namn

Kommunen L'Haÿ-les-Roses vart opphavleg berre kalla L'Haÿ, og dette namnet vart først nedteikna i eit dokument frå Karl den store i 798 som Laiacum, stundom stava Lagiacum, som tyder «eigedomen til Lagius», ein gallo-romersk landeigar. Namnet endra seg med tida til Lay, Lahy, og til slutt L'Haÿ.

I mai 1914 vart namnet på kommunen offisielt L'Haÿ-les-Roses (som tyder «L'Haÿ rosene») etter Roseraie du Val-de-Marne, den kjende rosehagen som vart oppretta her i 1899 av Jules Gravereaux, ein av fire grunnleggjarar av varehuset Bon Marché i Paris.

Read next

In 61 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article