factograf
NN
Sign in

kommune i Italia

L'Aquila

L'Aquila

Key facts

folketal69 558
areal474km²
førekomst avkommune i Italia, by
landItalia
skipingstidspunkt1201
høgd over havet714m
All data from the card 9
Land
Italia
Region
Abruzzo
Provins
L'Aquila
Høgd
714 m
Areal
473,91 km²
Folketal
69 558 (1. januar 2023)
Grunnlagd
1259
Postnummer
67100
Retningsnummer
0862

L'Aquila er ein by sentralt i Italia. Han ligg mellom mellomaldermurar på ein ås i den vide dalen til elva Aterno og er omgjeve av Appenninane med Gran Sasso i nordaust. Han er både hovudstad i regionen Abruzzo og i provinsen L'Aquila.

Byen består av eit virrvar av smale gater mellom bygningar og kyrkjer frå barokken og renessanse og opne piazzaer. Byen har eit eige universitet, Universitetet i L'Aquila, eit teater, eit symfoniorkester, eit kunstakademi, eit statskonservatorium og eit filminsitutt.

Historie

Byen vart grunnlagd som Aguila av Fredrik II av Det tysk-romerske riket ut frå fleire landsbyar som alt eksisterte (99 i følgje ei lokal segn). Bygginga av byen stod ferdig i 1254 av son til Fredrik Konrad IV av Tyskland. Namnet vart endra til Aquila degli Abruzzi i 1861 og til L'Aquila i 1939. Då Konrad døydde vart byen øydelagd av bror hans Manfred i 1259, men vart bygd opp att av Karl I av Anjou, etterfølgjaren hans som konge av Sicilia. Bymurane rundt byen stod ferdig i 1316.

Han var raskt den nest største byen i Kongedømet Napoli og var sjølvstyrt.

Byen vart plyndra to gonger av franske troppar under napoleonskrigane i 1799.

Byen og det omkringliggjande distriktet vart 6. april 2009 ramma eit jordskjelv der minst 294 menneske omkom og 30000 vart huslause.

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «L'Aquila» frå Wikipedia på engelsk, den 4. desember 2007.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: L'Aquila
  • Offisiell nettstad

Read next

In 101 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article