factograf
NN
Sign in

Dragseidet

  • 1 min read

Key facts

førekomst aveid
landNoreg
ligg i administrativ einingStad kommune

Dragseidet er det vestlegaste av tre eide over Stadhalvøya. Eidet er om lag 5 km breidt og går frå bygda Drage ved Sildegapet i vest til Leikanger ved Vanylvsfjorden i aust.

Frå gammalt til har folk som fór langs sjøen med båt, drege båtane over dette eidet i i staden for å krysse det opne Stadhavet.

Dragseidet er omtalt i Snorres kongesoger. I år 997 skal Olav Tryggvason ha kalla leiarane frå fire fylke hit for å få dei til å gå over til kristendommen. På høgaste punktet på eidet er det sett opp ein bauta; denne staden blir kalla Kongshaugen. I 1913 vart det reist ein steinkross til minne om kristninga i 997.

Kjelder

  • Opplev Selje om Dragseidet Arkivert 2016-03-10 ved Wayback Machine.
  • Store norske leksikon

Bakgrunnsstoff

  • Fylkesarkivet

Read next

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article